Småkraftforeninga om lang saksbehandlingstid: – Treng me eigentleg å venta på EU?

KRONIKK: – Alt me ber om er at NVE behandlar konsesjonssøknadane våre innan rimeleg tid, slik EU sitt fornybardirektiv ønskjer å sikre, skriv styreleiar Lars Emil Berge.
Småkraftforeningas styreleier, Lars Emil Berge, vil ha kortere saksbehandlingstid. | Foto: Anders Lie Brenna/EnergiWatch
Småkraftforeningas styreleier, Lars Emil Berge, vil ha kortere saksbehandlingstid. | Foto: Anders Lie Brenna/EnergiWatch
Lars Emil Berge, styreleiar i Småkraftforeninga

KRONIKK: Dette er en kronikk skrevet av en ekstern bidragsyter.

Une Bastholm og MDG støttar EU sin energipolitikk, men kvifor vente? Kan ho ikkje like godt lage norsk politikk her og no?

Tysdag 21. juni irettesette Une Bastholm (MDG) partia som vil ha veto mot EU sin kraftpolitikk i Klassekampen. Europa sin klima- og energipolitikk er meir ambisiøs enn den norske. Det vil vera positivt å kopla seg tettare på Europa, meiner Bastholm. 

Utspelet vart raskt skote ned i den radikale venstresida si eiga avis, men for Bastholm og MDG treng det ikkje stoppe der. Mens regjeringa somlar med å implementera Fornybardirektivet, kan Noreg laga politikk basert på dei beste EU-tiltaka her og no.

Me i Småkraftforeninga støttar også EUs fornybardirektiv. Til dømes er me positive til tidsfristar for behandling av konsesjonssøknadar for ny fornybar kraft, noko som manglar i Noreg i dag.

Uakseptabel saksbehandlingstid

For småskala vasskraft er dagens praksis uakseptabel: Det kan ta opptil seks år frå søknaden blir sendt til ein får konsesjon. Mathilde Tybring-Gjedde (H) påpeikte i Politisk kvarter 25. juni at det kan ta år berre å få tildelt ein saksbehandlar hos NVE. Programleiaren braut ho av for å prate om vind i staden. Fornybardebatten skal visst ikkje handle om småkraft.

Kvifor er det slik? Småkraft er den fornybarforma på land som har lågast naturinngrep per produserte kilowattime og kan produsere mykje ny kraft på kort sikt, i motsetning til havvind som først blir klar ei stund etter 2030. I debatten om korleis me når måla for 2030 fortener småkraftbransjen meir merksemd. 

Me kan bidra med minst 8 TWh dei neste åra. Alt me ber om er at NVE behandlar konsesjonssøknadane våre innan rimeleg tid, slik EU sitt fornybardirektiv ønskjer å sikre. Dette er ikkje berre eit småkraftproblem. Handsaminga av konsesjonar kunne gjerne gå raskare på fleire område, som nett, vindkraft og sol.

Vår utfordring til MDG

Me forstår at MDG vil seia ja til mykje i den nye pakka frå EU, inkludert politikken som skal sikre rimelege tidsfristar for konsesjonsbehandling. Partiet viser ein sunn pragmatisme for å få noko gjort.

Eit spørsmål som melder seg: Treng me eigentleg å venta på EU for å få til alt dette? Kor lang må vegen vera for at NVE skal få dei instruksane og ressursane dei treng for å behandla konsesjonar for fornybar energi i rimeleg tid? Er ikkje dette noko Stortinget kan be regjeringa om å ordne?

Småkraftforeninga opplever MDG som eit parti som har skjønt at me har dårleg tid i klimapolitikken. Vil dei vera med å pressa på for raskare konsesjonsbehandling for småkraft og andre teknologiar? Kan ikkje eit forslag om tidsfristar for saksbehandling fremjast på Stortinget? Tidsfristar er berre eit døme. Det er mykje MDG kan plukke frå EU og lage god, norsk politikk av.

Del artikkel

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Vær i forkant av utviklingen. Få informasjon om det siste fra bransjen med vårt nyhetsbrev.

Vilkår for nyhetsbrev

Forsiden akkurat nå

Les også